|
Segling på fjorden.
XO er vår nye stoltheit, som let vinden ta deg
med på ein unik seglas på ein av dei vakraste
fjordane Vestlandet kan by deg. På Nordfjorden
nyt du utsikta av brearmar og snødekte
fjelltoppar som speglar seg i vassflata.
XO si heimehamn er marinaen ved Hotel Alexandra
i Loen og kaia ved Olden Fjordhotel. Du kan leige den for dagsturar eller for
seglas i fleire dagar. Har du erfaring kan du
gjerne segle som eigen skippar. XO er svært godt
utstyrt for seglas i alle farvatn, og har eit
høgt nivå av komfort og vakkert interiør.
Ynskjer du servering på turen kan vi ordne dette
for deg.
XO fakta:
- Janneau Sun Odyssey 39 DS
- Rulle storsegl – Rulle forsegl 77 m2.
- Full teknisk navigasjon, radar, autopilot,
tridata, VHF.
- Redningsflåte og nødpeilesendar.
- 2 kabinar med til saman 4 soveplassar + 2 i
salongen.
- Bad, dusj og toalett.
- Godt utstyrt bysse.
- ”Stove”
Seglas med overnatting:
6 – 7 personar.
Eindagscruise:
Opp til 15 personar.
 |

|