Loen – Lodalen:


Loen, Lodalen og Rake ligg i hjartet av det vakre og dramatiske landskapet mellom inste delen av Nordfjord og dei mektige snø- og ismengdene på Jostedalsbreen. Loen er ein av mange innfallsportar til Jostedalsbreen Nasjonalpark i indre Nordfjord. Bygda Loen har om lag 600 innbyggjarar. I tillegg til turisme er industri og jordbruk dei viktigaste næringsvegane for folket i bygda.

Det grøne brevatnet i Loelva renn midt i den fruktbare dalen, omkransa av dyrka mark og frukthagar. I liene under dei bratte fjella veks tett bjørkeskog. Skåla (1848 moh.) med den hesteskoforma åsen ruvar i aust og dominerer utsynet mot Loen frå vest. På toppen av fjellet står eit rundt steintårn, reist av bygdefolk i 1891, der fjellfolk kan søkje ly. Årleg vert det arrangert eit løp opp til Skåla og Skålatårnet. Løpet er ei kraftprøve der beste tid for herrar er 1 time, 9 minutt og 9 sekund, og for damer er tida 1 time, 21 minutt og 50 sekund.

Tre gongar i det førre hundreåret har naturen sjølv gripe uroande inn og omforma landskapet i Lodalen. To gonger gjekk menneskeliv tapt og det vart valda store materielle skadar. Den 15. januar 1905 rasa det ut eit stort stykke av Ramnefjellet rett overfor Bødal. Ei flodbølgje feia inn over dei lågtliggjande gardane i Bødal og Nesdal og 63 menneske omkom. Dette var to tredjedelar av innbyggjarane i Lodalen. Flodbølgja knuste bygningar og slengde ein dampbåt 400 meter opp i lia. Den 13. september 1936 kom det eit nytt ras frå Ramnefjellet. Denne gongen vart til saman 74 personar drepne. Til all lukke omkom det ingen menneske då det kom eit tredje steinras i 1950. Fjellskreda i Ramnefjellet er dei største i Noregshistoria. I Ramnefjellet kan ein den dag i dag sjå tydelege sår der steinmassane rasa ut. Det er sett opp ei minnetavle over dei som ein aldri fann att etter ulukkene, samt ei informasjonstavle med historisk dokumentasjon og bilete frå Ramnefjellet, Bødal og Nesdal. Like ved minnetavla byrjar ein pilegrimssti/ ei historisk vandring som handlar om dei dramatiske hendingane som har funne stad i Lodalen. Denne naturstien er verdt å få med seg!


Med dette vil vi ynskje Dykk alle velkomne til Loen og Lodalen.

 

 

 

 



 

Heim

 

Bresafari

 

Aktivitetspark

 

Olden-Oldedalen

 

Loen-Lodalen

 

Breføring

 

RIB

 

Fjellturar

 

Tur på Jostedalsbreen

 

Her finn du oss

 

Segling

 

Servering

 

Briksdalsbre Fjellstove