Slik finner du frem:


I Olden sentrum tar du av mot Briksdalsbreen og Briksdalsbre Fjellstove ved enden av vegen, 24 km inne i Oldedalen. Frodig, idyllisk dal med vatn, elvar, fossefall og mektige fjell. Utsikt sørover mot Melkevollsbreen, ein arm av Jostedalsbreen, men sjølve Briksdalsbreen ligg i austleg retning, og kan ikkje sjåast frå vegen før du er heilt oppe i Briksdalen. Sving til venstre ved Mellkevoll Bretun og køyr 500 m lenger inn. Her finn du parkering for buss og bil, like ved Briksdalsbre Fjellstove. Kafe, stor souvenirbutikk, Briksdal Breføring, tur til Briksdalsbreen i "Troll bil".
Dei siste 3 km frå Fjellstova og opp til Briksdalsbreen kan du gå til fots, eller leige "Trollbil" med sjåfør.(bestill i god tid).
Nesten oppe ved brekanten kjem du inn i Jostedalsbreen Nasjonalpark og kan nyte synet av den gigantiske is-kolossen, eller bli med på bretur inn på blåisen.

 
Detaljert kartinformasjon

For detaljert kartinformasjon klikk på bildet til venstreog last ned pdf dokument.
For å laste ned informasjonen i pdf-format må du ha installert Adobe Acrobat Reader.
Gratis nedlasting av programvara finn du på
www.adobe.no
 

Heim

 

Bresafari

 

Aktivitetspark

 

Olden-Oldedalen

 

Loen-Lodalen

 

Breføring

 

RIB

 

Fjellturar

 

Tur på Jostedalsbreen

 

Her finn du oss

 

Segling

 

Servering

 

Briksdalsbre Fjellstove