Briksdal Aktivitetspark:

I Briksdal Aktivitetspark får ein oppleve eit spekter av utfordrande og spennande aktivitetar i vill, vakker og frodig vestlandsnatur. Aktivitetane er tilpassa for heile familien. Inne i aktivitetsparken ligg ”Nakkjestova”. Ein stor gapahuk med sitjeplassar for 60 personar under tak og open eldstad. Nakkjestova er det naturlege samlingspunktet etter ein runde i aktivitetsparken. Vår kokk kan trylle fram dei beste kulinariske rettar tilpassa ditt arrangement eller dine ynske.

Eit arrangement i Briksdal Aktivitetspark passar godt til:

• Firmaturar
• Blåturar
• Utdrikkingslag
• Vennegjengar
• Skuleklassar
• Lag og organisasjonar

Aktivitetsparken ligg eit mjølkespannkast frå Briksdalsbre Fjellstove. Ved fjellstova finn ein kafeteria, toalett, suvenirbutikk og overnatting.


”Vel møtt i Briksdalen”

Born saman med foreldre/føresette.

Bestilling på førespurnad direkte til Briksdal Breføring AS.


Ta kontakt for alle typar arrangement og turar i Briksdalen
 




 

 

Heim

 

Bresafari

 

Aktivitetspark

 

Olden-Oldedalen

 

Loen-Lodalen

 

Breføring

 

RIB

 

Fjellturar

 

Tur på Jostedalsbreen

 

Her finn du oss

 

Segling

 

Servering

 

Briksdalsbre Fjellstove