Olden – Oldedalen:

 Av dei tre korte fjordarmane inst i Nordfjord endar den sørlegaste i Olden. Her strekkjer den vakre Oldedalen seg om lag 20 km innover mellom fossar, vatn og fjell med glinsande brear. I over hundre år har Olden og Oldedalen vore vertskap for tusenvis av besøkande. Det er den sterke naturopplevinga som gjer staden så attraktiv. Med eit stort spekter av fjord, fjell, vatn, fossar og bre blir Olden og Oldedalen rekna som eit av Noregs vakraste reisemål. Det er såleis ikkje tilfeldig at dei fyrste turistane byrja å kome hit på slutten av 1800–talet. Dei fyrste turistane som kom var engelskmennene, gjerne overklassa, som hadde god råd og god tid. Frå cruisebåtane, ”dei flytande hotella”, på fjorden i Olden drog dei på oppdagarferd inn over dalane. Engelskmennene kalla ofte Noreg for ”the northern playground” , og det var fjella og breane som fascinerte dei. Briksdalsbreen, som ligg lengst inne i Oldedalen, var då som i dag det store trekkplasteret for turistane.

 Briksdalsbreen og Melkevollsbreen ligg i enden av Oldedalen. Begge breane er utløparar av Jostedalsbreen. Fjellheimen rundt bygdene Olden og Oldedalen ligg inne i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Nasjonalparken vart danna i 1991 og er 1310 km2 stor. Sjølve Jostedalsbreen utgjer heile 487 km2 av nasjonalparken. Breen har opp gjennom hundreåra vore ein viktig ferdaveg for folk og fe over til Sogn på den andre sida. Samstundes har den vore årsak til ulukker og uår når breen har gjort store framrykk. Det siste store framrykket byrja på 1600-talet og varte fram til 1770. Dette var år prega av flaum, snøskred, fjellskred, jordskred og isras forårsaka av breen si herjingar. Denne tida vart ofte kalla for ”den vesle istid”.

 Briksdalsbreen er eit av dei mest besøkte naturbaserte reisemåla i Noreg. Heile 300 000 menneske tek turen opp til breen i løpet av ein sesong. Den idylliske vegen opp til breen vart laga i 1927/28 og slyngar seg gjennom frodig og storslagen natur. På den nedste brua langs vegen kan ein få seg ein avkjølande dusj av den brusande breelva. Turen opp til breen kan gjerast til fots eller i ein av Oldedalen Skyss AS sine ”Trollbilar”. Dei som ynskjer å kome verkleg nær inn til breen kan delta på bresafari i gummibåtar ute på vatnet framfor breen. Når ein har opplevd Briksdalsbreen på nært hald er det alltid godt å slappe av på Briksdalsbre Fjellstove, nyte litt god mat og godt drikke eller ta seg ein shoppingrunde i suvenirbutikken.


 Med dette vil vi ynskje Dykk alle velkomne til Olden og Oldedalen.
 


 

 

 

Heim

 

Bresafari

 

Aktivitetspark

 

Olden-Oldedalen

 

Loen-Lodalen

 

Breføring

 

RIB

 

Fjellturar

 

Tur på Jostedalsbreen

 

Her finn du oss

 

Segling

 

Servering

 

Briksdalsbre Fjellstove