|
Fjellturar.
Indre delar av Nordfjord har
eit variert og spennande turterreng. Vi i Briksdal Breføring
AS tek deg med på dei beste fjelltoppane og turane indre
Nordfjord kan by på. Skåla med Skålatårnet er den mest
kjende toppen. Etter å ha streva seg opp dei 1848
høgdemeterane vert ein lønna med ei enorm utsikt over
Jostedalsbreen Nasjonalpark og omkringliggjande fjellområde.
Eit lite utval turar med utsikt over fjord, fjell, bre,
fossar, irrgrøne vatn og grønkledde dalar er:
-
Auflemnibba 1200 moh.
-
Innvik – Olden 900 moh.
-
Kattanakken 1250 moh.
-
Flatsteinbu 1270 moh.
Frammøte etter nærare avtale med fjellførar. |